Bodø/Glimt gav seg ikkje før det stod 6-1 over Haugesund heime på Aspmyra. Ved pause leia Glimt 3-0, og det stod 5-0 etter fem minutt av andre omgang. Kasper Junker blei den store spelaren med tre av Glimts mål i sin første heimekamp for laget. Bodø/Glimnt har scora 10 mål på sine to første kampar etter 4-2 mot Viking i serieopninga, og leier serien.