Danmark-proffar slepp karantene
Sju spelarar frå engelske klubbar får likevel ta del i Danmarks nasjonsliga-kamp mot Island på søndag, då dei får unntak frå karantenereglane i Storbritannia.
Frykta for spreiinga av ein mutert utgåve av koronaviruset som har oppstått i danske minkfarmar førte til at alle som kjem til Storbritannia frå Danmark må i 14 dagars karantene.
Det gjorde at spelarar som Kasper Schmeichel, Pierre-Emile Højbjerg og Andreas Christensen ikkje var med til onsdagens møte med Sverige. Men no får fotballspelarar som rettar seg etter smittevernprotokollen til Uefa unntak frå denne regelen, og dei får slutte seg til det danske landslaget.
