Ruud står over Barcelona Open
Den norske tennisproffen Casper Ruud må kvile armen sin og står over grusturneringa Barcelona Open.
Proffen frå Snarøya storspela nyleg i Monto-Carlo Masters og tok seg heilt til semifinalen.
Han var ein av sigerskandidatane til turneringa i Spania, men til VG stadfestar far og trenar Christian Ruud at dette ikkje blir noko av.