Snudde Manchester-derbyet på tampen: – Ein enorm augneblink
To seine mål sørga for at Manchester United tok alle tre poenga i søndagens byderby borte mot Manchester City.
Fem minutt før slutt fekk Manchester United straffe då Amad Diallo vart felt. Bruno Fernandes sette ballen sikkert i mål.
I det 90. minutt ordna Diallo sjølv 2–1 på lekkert vis.
– Ein enorm augneblink for Ruben Amorim, sa Viaplay-ekspert Tor Ole Skullerud.
Det såg lenge ut som alle poenga skulle bli igjen i den lyseblå delen av byen.
Josko Gvardiol sende heimelaget i leiinga etter 36 minutt. Han heada ballen presist i mål etter eit innlegg frå Kevin De Bruyne. Phil Foden kunne ha dobla leiinga før pause, men United-keeper André Onana redda fint.
Manchester United skapte fint lite før pause, men kom til store sjansar både ved Bruno Fernandes og Amad Diallo utover i 2. omgang.
Og på tampen vart det altså Fernandes og Diallo som scora dei avgjerande måla.
Erling Braut Haaland spelte heile kampen for City, utan å få til spesielt mykje.
Begge Manchester-laga har vore i svak form den siste tida.
Før oppgjeret hadde Manchester City berre vunne éin av sine ti siste kampar – alle turneringar inkludert.
Manchester United har vunne to av to kampar i Europaligaen etter at Ruben Amorim tok over. I serien hadde United under Amorim fire poeng på fire kampar – før søndagens byderby.