Добавить новость
ru24.net
World News
Июнь
2025

Mbappé melder gamleklubben PSG for mobbing

0

Den franske fotballstjerna Kylian Mbappé rettar nye skuldingar mot Paris Saint-Germain. Bakteppet er ein langvarig krangel om uteståande lønn.

Torsdag opplyser påtalemakta i Paris til nyheitsbyrået AFP at Mbappé har meldt PSG for det som blir omtalt som moralsk trakassering.

Mbappé har stått i ein lang rettsstrid med gamleklubben. Han meiner å ha til gode 55 millionar euro, tilsvarande 647,8 millionar kroner, i ubetalte lønningar og bonusar frå PSG.

Meldinga som er levert er knytt til måten han blei behandla på av klubben i starten av 2023-24-sesongen. Han påstår at han ikkje fekk trene på vanleg måte, men blei tvungen å trene med spelarar klubben prøvde å kvitte seg med.

Franskmannen hevdar han blei plassert på sidelinja av klubben etter å ha nekta å forhandle fram ein ny og forlenga kontrakt.

26-åringen slutta i PSG i fjor til fordel for Real Madrid. Han hadde då spelt sju sesongar med Paris.

(NTB)




Moscow.media
Частные объявления сегодня





Rss.plus
















Музыкальные новости




























Спорт в России и мире

Новости спорта


Новости тенниса