Halvtomt til Noregs opningskamp
Det er forventar 7000 tilskodarar når Noreg spelar sin første VM kamp mot Brasil onsdag. Med andre ord vil berre halvparten av stolane vere fylt opp i arenaen på Fornebu som har kapasitet til 13.950 tilskodarar.
I kampen mot USA på fredag forventar arrangøren 8000 tilskodarar, medan det mot Portugal søndag er venta 10.000 publikumarar.
Det opplyser Kirsten Birkeland som er medieansvarleg for VM til NRK.
Førebels er ikkje finalen utseld. Arrangøren forventar 12.000 besøkande den dagen.
Det vil i så tilfelle vere publikumsrekord for ein landskamp på norsk jord.
Den gamle rekorden er på 11.200 tilskodarar og var sett under VM-finalen for kvinner mellom Noreg og Frankrike tilbake i 1999 i Håkons Hall på Lillehammer.