Messi ute i tre veker
0
Lionel Messi er ute i tre veker etter armskaden han fekk i kampen mot Sevilla i kveld, melder Barcelona.
Klubben opplyser at Messi har brote eit bein i høgre armen.
Dermed mister han både meisterligakampen mot Inter onsdag og El Clasico mot Real Madrid neste søndag. Kanskje også returkampen mot Inter 6. november.
