Mann har forskansa seg i rådhus
0
Ein mann har forskansa seg i eit rådhus i den danske byen Middelfart fredag morgon. Bebuarar innanfor 100 meter frå rådhuset blir evakuert og det er store politistyrkar på staden, melder avisa BT.
Politiet fekk melding om hendinga kl. 04.50.
Dei første meldingane gjekk ut på at ein mann hadde brote seg inn på eit politikontor i rådhusbygningen og at han hadde fyrt av fyrverkeri. Det er uvisst om han er væpna.
Mannen skal ha prøvd å setje fyr på bygget, skriv Ekstra Bladet.