Добавить новость
ru24.net
World News
Январь
2022

Konservativ maltesar favoritt til å overta som president i EU-parlamentet

0
NRK.no 

EU sine parlamentarikarar må velje seg ein ny leiar etter at president David Sassoli brått døyde på sjukehus i Italia førre veke.

Konservative Roberta Metsola frå Malta er favoritt før EU-parlamentet tysdag skal velje ny president.

42-åringen har trått mellombels inn i president-vervet etter Sassoli, og representerer den største partigruppa i parlamentet, den konservative alliansen The European People's Party (EPP). I tråd med ein avtale mellom partigrupper i parlamentet, er ho venta å få støtte frå den liberale gruppa RE og den sosialdemokratiske gruppa.

Metsola er utdanna advokat og blei valt inn i EU-parlamentet i 2013.

I tillegg til Metsola stiller den svenske kulturministeren Alice Bah Kuhnke frå De Grønne, polske Kosma Zlotowski frå ei EU-skeptisk partigruppe, og spanske Sira Rego, som representerer venstrefløya, som kandidatar.

Vervet som president i EU-parlamentet blir valt for ein periode på to og eit halvt år, og har mindre makt enn presidenten for EU-kommusjonen, no Ursula von der Leyen. (NTB)




Moscow.media
Частные объявления сегодня





Rss.plus
















Музыкальные новости




























Спорт в России и мире

Новости спорта


Новости тенниса