Gløymte slangen sin i drosje i Bergen – sjåfør fann slangen ei veke seinare
Vest politidistrikt skreiv klokka 22:53 at det var blitt oppdaga ein slange inne i ei drosje i Øvregaten i Bergen. Slangen har mest truleg vore i bilen i ei veke.
Politiet blei ringt opp av ein drosjesjåfør i kveldstimane torsdag. Sjåføren hadde blitt kontakta av ein kunde han hadde hatt i bilen veka i førevegen, opplyser innsatsleiar Tore André Brakstad til NRK.
– Denne kunden lurte på om sjåføren hadde sett slangen hans. Så har meldar etter kvart sett denne i drosja, fortel Brakstad. Han seier vidare at drosja truleg har vore i bruk i tida frå slangen kom inn i bilen, til den i dag blei oppdaga; ei veke seinare.
Det skal dreie seg om ein kongepyton. Desse slangetypane er ikkje giftige.
– Deira måte å skaffe seg føde på er ved bruk av kveling, slik eg har forstått det, forklarar innsatsleiar Brakstad.
Kongepytonen skal vere omtrent ein halv meter lang. Han gøymde seg lenge inne i dashbordet på bilen og dette gjorde han vanskeleg å fjerne. Politiet fekk ekspertisehjelp frå Akvariet i Bergen.
Klokka 23:29 skreiv politiet på Twitter at slangefangarane ikkje får ut slangen, og at bilbergar er tilkalla.
Etter dette får NRK opplyst at slangen likevel skal vere vellukka henta ut av drosja.