Lynet slo ned i fly – måtte snu
Eit fly frå Widerøe blei treft av lyn kort tid etter avgang frå Flesland. Flyet skulle frå Bergen til Bodø, via Trondheim. Det bekreftar Widerøe til NRK.
– Ifølge piloten gjekk alt etter rutinene. Grunnen til at vi returnerte til Flesland var fordi vårt tekniske lager er der, rett og slett. Men det blei eit kraftig smell med lysglimt, så vi har forståelse for at det kan ha kjentes ubehagelig for passasjerane, seier kommunikasjonsrådgiver Lina Lindegaard Carlsen.
– Kor vanleg er det at lynnedslag slår ned i fly?
– Det skjer fra tid til annen, så det kategoriserast som relativt normalt. Det er i utgangspunktet ikkje farleg, fordi flya er utstyrt med statiske lynavledere og liknande. Alle fly, både propell og jetfly som dette var, er bygd for å tåle lynnedslag. Lynnedslag er litt meir typisk for sommersesongen enn ellers, forklarar Carlsen.
Bergens Tidende, som omtalte saka først, får bekrefta fra passasjerar på flyet at dei merka til lynnedslaget.
– Det var ein heilt vanleg avgang fram til dette skjedde. Kort tid etter sa flyvertinna over høgtalar at det var ingen fare, og at flyet var bygd for dette, seier passasjer Morten Rygh til avisa.
Han og dei andre passasjerane sit no på Flesland og ventar.
Widerøe seier dei har sendt flyet til rutinemessig, teknisk sjekk. Passasjerane er ombooka til første ledige avgang.