Tyrkisk politi arresterte 15 personar i prideparade
0
I Tyrkia har politiet arrestert minst 15 personar som gjekk i ein prideparade som styresmaktene i Istanbul hadde lagt ned forbod mot, melder nyheitsbyrået Reuters.
Myndigheitene i Tyrkias største by seier området ved Taksimplassen er stengt fordi det dei kallar «ulovlege grupper» har oppfordra til ein protestmarsj utan å ha løyve til det.
Homofile forhold er lov i landet, men president Recep Tayyip Erdogan har ved fleire høve kalla homofile for «perverse» og regjeringa har i fleire år forsøkt å hindre prideparaden i Istanbul.