Over 70 bedt om å evakuere frå Kos etter brann
0
Ein stor skogbrann på ferieøya Kos i Hellas har ført til at turistar blir evakuerte.
Reiseselskapet TUI seier til NRK at dei har evakuert 40 norske turistar i løpet av natta.
Det vil seie at over 70 norske turistar er bedt om evakuere til no.
Like etter klokka 8 tysdag morgon seier reiseselskapet at dei resande har fått beskjed frå lokale styresmakter at dei kan returnere til hotella sine.