Russisk domstol ber om 18 år i fengsel for amerikansk journalist
0
Den russiske påtalemakta ber om 18 års fengsel for WSJ-reporter Evan Gershkovich.
Det melder Reuters.
Gershkovich er tiltalt for å innhenta informasjon om ein russisk stridsvognprodusent då han arbeida som journalist i Russland.
Han sjølv seier han ikkje er skyldig, skriv Reuters som siterer russiske nyheitsbyrå.
Det var i fjor at Evan Gershkovich blei pågripen, og har vore i russisk fengsel sidan.