George Clooney støttar Kamala Harris
0
Skodespelar George Clooney sa tysdag at han støttar Kamala Harris som presidentkandidat.
Clooney, som er demokrat, bad president Joe Biden trekke seg i eit lesarinnlegg i New York Times tidlegare i juli.
I ei utsegn til CNN takka han i dag Biden for innsatsen, og viste støtte til Kamala Harris.
– President Biden har vist kva ekte leiarskap er. Han reddar demokratiet nok ein gong. Me gler oss til å gjera alt me kan for å støtta visepresident Harris på hennar heroiske ferd, sa Clooney.