Havila Polaris til kai
0
Havila Polaris la til kai i Ålesund like etter klokka 21 med omlag 400 passasjerar ombord.
Teknikarar går truleg ombord i skipet i kveld for å prøve å finne årsaka til feilen som førte til at alle passasjerane tidlegare på dagen måtte evakuerast.
Dei som skal vidare nordover langs kysten, overnattar i skipet i natt. Kommunikasjonsdirektør Lasse Vangstein seier det er for tidleg å seie når Havila Polaris eventuelt kan segle vidare.
Turane innom Molde og Kristiansund er allereie kansellerte sidan skipet no er forseinka på veg nordover mot Kirkenes.