Tyfonen Gaemi har nådd Taiwan, ni sjøfolk sakna
0
Ni sjøfolk er sakna etter at eit lasteskip gjekk ned utanfor sørkysten til Taiwan, melder NTB. Skipet sokk utanfor kystbyen Kaohsiung.
Dei sakna er frå Myanmar, opplyser kystvakta i Taiwan ifølge BBC.
Uvêret frå tyfonen Gaemi som herjar i Søraust-Asia har gjort redningsarbeidet vanskeleg.
Tyfonen råka Taiwan i går og beveger seg over havet mot Kina torsdag. Lokale styresmakter seier det er den kraftigaste tyfonen som har treft Taiwan på åtte år.