Sverige: Håpar å nå klimamål med meir biodrivstoff i bensin og diesel
0
Regjeringa i Sverige vil skjerpa kravet om innblanding av biodrivstoff i bensin og diesel.
Det vil bidra til å nå klimamåla til EU i 2030, seier energi- og næringsminister Ebba Busch på ein pressekonferanse tysdag.
Frå før var kravet at andelen biodrivstoff var 6 prosent. No aukar det til 10 prosent, skriv SVT.
Opposisjonen møtte forslaget med kritikk.
Daniel Helldén, talsperson for Miljöpartiet i Sverige, seier regjeringa villeier veljarane.
– Dei er ikkje i nærleiken av å kompensera for utsleppsauken dei forårsakar, seier han.