Добавить новость
ru24.net
World News
Ноябрь
2024

Store skadar etter ekstremvêret «Jakob»

0
NRK.no 

Ekstremvêret «Jakob» har etterlate seg fleire store skadar på Vestlandet det siste døgnet.

I Odda kollapsa brua Edna på fv. 550 mellom Odda og Utne, etter store vassmengder frå elva.

Hotell Ullensvang i Hardanger fekk heile underetasjen oversumt.

I Kinsarvik miste 260 abonnentar vassforsyninga og heile området fekk innført kokevarsel på drikkevatn.

Fleire bebuarar i Ullensvang kommune og Årdal kommune var evakuert frå heimane sine torsdag og fredag.

Totalt var om lag 40 vegar stengde på grunn av ekstremvêret. Fredag kveld, kl. 19.00 melder Statens vegvesen om sju stengde vegar.

Av desse meiner Vegvesenet at den mest kritiske er rv. 7 Erdal bru, inn mot Eidfjord.

– Det er mykje langtransport og mange vil reise til hyttene sine på Geilo. No må dei snu, eller finne ein annan veg, seier Jørgen Bødtker i Statens vegvesen.

Bødtker rår alle som ferdast på vegane til å oppdatere seg på stengde vegar og køyre etter forhalda.

– Det er betre å kome fram ein halvtime for seint, enn å ikkje kome fram i det heile tatt, seier han.

Flaumtoppen er nådd for ekstremvêret «Jakob», men det er framleis gult og oransje farevarsel for både skred og flaum på store delar av Vestlandet fram til laurdag morgon.

– Flaumtoppen er nådd, men det er framleis knytt fare til ein del av elvane, seier Ina Storteig, flaumvakt i NVE.

Storteig rår folk til å halde seg unna dei store elvane og halde seg oppdaterte på situasjonen.




Moscow.media
Частные объявления сегодня





Rss.plus




Спорт в России и мире

Новости спорта


Новости тенниса
Australian Open

«Я слишком стара, но иду дальше». Списанная русская теннисистка покоряет Австралию и готова мстить за Мирру






Чулпан Хаматова заявила, что хотела бы вернуться в Москву

ДИТ Москвы: чем полезен столичный портал потребителя

Тамбовчане завоевали 5 медалей на чемпионате Московского военного округа по самбо

В доме «Ветеран» опраздновали день рождения Матрешки