Store blikkplater losna i vinden
0
Ti meter breie blikkplater har losna frå ei gangbru i Hegrenesveien i Nyhavn i Bergen.
Ingen er skada, melder Vest politidistrikt. Platene er på ti ganger to meter.
Gangbrua er ikkje i bruk. Området er sperra av.
Ein telefonstolpe har også fått skader, og straumkablar henger mot bakken.
Nettselskapet BKK er varsla. Ifølge operasjonsleiar Frode Kolltveit vil dei vente med å reparere kablene på grunn av den sterke vinden.
Politiet fekk meldinga klokka 05.25. Dei har no avslutta arbeidet på staden.