Noreg seier nei til ny afghansk ambassadør til Noreg
Noreg har gitt Taliban beskjed om at det ikkje er aktuelt å seie ja til ein ny afghansk ambassadør til Oslo, opplyser Utanriksdepartementet i ei pressemelding.
Det skjer etter fleire innskrenkingar av menneskerettane i Afghanistan.
– Noreg har heile tida vore tydelege på at Taliban må ta vare på menneskerettane til det afghanske folk når dei har teke over styringa av landet. Det har den siste tida kome ytterlegare restriksjonar spesielt mot kvinner og jenter. Difor nedgraderer Noreg dei diplomatiske forbindelsane, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Innstramminga skal ikkje påverke Noregs kontaktlinje overfor Taliban. UD prøver no å finne ei løysing som kan ta vare på dei konsulære behova for afghanarar i Noreg, Danmark og Island, i tillegg til andre funksjonar ein ambassade har.