Frankrikes statsminister har levert oppseiing
0
Statsminister i Frankrike Michel Barnier har levert oppseiinga sin. Det melder Reuters.
Regjeringa til Barnier blei felt i ei mistillitsvotering onsdag kveld.
Barnier har berre vore statsminister sidan september. Han blei utnemnd av president Emmanuel Macron, etter at parlamentsvalet i Frankrike enda utan klart fleirtal.
Macron talar til det franske folk torsdag kveld. Det er ikkje enno klart kven som vert ny statsminister i landet.
Barnier og ministrane i regjeringa hans blir sittande til ei ny regjering er på plass.