Добавить новость
ru24.net
World News
Декабрь
2024

Stadfester at rømminga skjedde frå høgsikkerheitsavdeling

0
NRK.no 

Assisterande fengselsdirektør Ingunn Seim stadfester overfor NRK at mannen som rømte frå Hustad fengsel rømte frå ei avdeling med høg sikkerheit.

– Rømminga skjedde ikkje ved bruk av vald eller trugslar, skriv Seim i ein e-post til NRK.

Ho stadfester at rømminga skjedde om natta og at politiet blei varsla umiddelbart då rømminga blei oppdaga.

– Ut over dette er det ei pågåande etterforsking og leiting etter den varetektsinnsette. Hustad fengsel sine videoopptak frå hendinga er oversendt politiet som handterer saka vidare, skriv Seim.

Ho skriv også at ho ikkje kan uttale seg om korleis rømminga skjedde då det er tilhøve kring tryggleiken i fengselet som ikkje kan delast med media.

Mannen som rømte er framleis på frifot. Han er etterlyst både nasjonalt og internasjonalt, er 37 år og er dømd ti gonger for meir enn 150 tjuveri. Han har kome seg unna varetekt fem gonger.

Ifølgje fengslingspapira frå november har mannen livnært seg av vinningskriminalitet i snart 20 år, berre avbrote av soning i fengsel.

NRK har forsøkt å få både politiet og fengselsleiinga til å stille til intervju om saka. Dette er blitt avvist. NRK har så langt berre fått skriftlege svar på e-post frå assisterande direktør Ingunn Seim.




Moscow.media
Частные объявления сегодня





Rss.plus




Спорт в России и мире

Новости спорта


Новости тенниса
WTA

Касаткина за три с половиной часа одолела американку Стирнс на турнире WTA






Синоптики спрогнозировали гололедицу и небольшой снег в Москве 4 января

Роман с Бодровым-младшим и три брака. Как сегодня живет Инна Гомес

Нацпрокуратура Польши расследует дело об измене экс-министра обороны

Блинкен: США обеспокоены возможностью применения РФ ядерного оружия