Har pågripe fange som rømte frå Hustad fengsel
0
Politiet melder at dei no har kontroll på mannen som rømte frå Hustad fengsel på julaftan. Han blei pågripen i eit tomt hus i Hustadvika, melder politiet. Dei opplyser at pågripinga skjedde udramatisk.
Politiet har gjennomført fleire søk etter mannen dei siste vekene.