Hevdar at Hamas forsøker gå tilbake på avtale
0
Israel sin statsminister hevdar Hamas forsøker å gå tilbake på delar av våpenkvileavtalen på Gazastripa. Det melder NTB, som siterer ei utsegn frå statsministerkontoret i Israel.
Ifylgje nyheitsbyrået handlar usemja om ein del av avtalen som gjev Israel rett til å legge ned veto mot lauslating av somme palestinske fangar.
I går kveld melde israelske styresmakter at det framleis gjenstod nokre endelege detaljar i avtalen. President Isac Herzog bad i ein tv-send tale regjeringa om å godkjenne avtalen.
Hamas har ikkje kommentert utsegnet.