Bygg evakuert etter kjemisk reaksjon – oppretta tryggleikssone på 300 meter
Det er meldt om ein kjemisk reaksjon i eit 200 liters fat i eit bygg i Gulen i Vestland. Det er ukjent kva stoff som har kome i fatet.
Brannvesenet skriv på X at det ikkje er meldt om nokre personskadar.
– Vi har eit stoff som truleg har blanda seg saman med eit anna stoff, som igjen blir vurdert som eksplosivt. Difor er bygget evakuert, og vi har stoppa trafikk i begge retningar, seier brannsjef i Gulen og Masfjorden, Lars Jørgen Svendsen til NRK.
All trafikk er stoppa og det er oppretta ein tryggleiksavstand på 300 meter.
– Det er eit fat som inneheld to eller fleire ukjente typar kjemiske stoff. Sidan vi er usikre på kva det er, frys vi staden medan vi finn ut kva fatet inneheld. Vi har kontroll i så måte at vi har evakuert dei som jobbar der, opplyser Steinar Hausvik i Vest politidistrikt til NRK.
Bygget er eit industribygg der det mellom anna er eit vaskeri og tilsette er evakuerte.
Det er både politi og ambulanse på staden. Det er ikkje personell i nærleiken av bygget.