Faren avblåst i Gulen
0
Hendinga er «nedskalert» etter at det i formiddag oppstod ein kjemisk reaksjon i eit kjemikaliefat ved bedrifta Renex på Mjømna i Gülen kommune.
Klokka 16.35 fyrte skarpskyttarar av skot mot fatet for å lette trykket, og fylkesveg 5582 kunne opne igjen.
– Det viser seg at det ikkje er samanblanding av to ulike stoff. Det gjer at vi har god kontroll og oversikt på situasjonen, seier vaktkommandør Helge Lund til Firda.
I ettermiddag melder politiet at kjemikaliedykkarar frå brannvesenet har henta ut fatet frå bygningen.