Barth Eide utelukkar ikkje Rwanda-sanksjonar
Noreg vurderer å innføre sanksjonar mot Rwanda, seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK.
Bakgrunnen er det den norske utanriksministeren meiner er omfattande støtte frå Rwanda til M23. Også FN-rapportar og fleire observatørar meiner dette.
Den væpna gruppa er på ein offensiv i Aust-Kongo, der dei har okkupert to store byar. Rwanda har lenge nekta for å støtte gruppa, men blir ikkje trudd.
USA, Storbritannia og Tyskland har dei siste vekene innført sanksjonar mot Rwanda. Barth Eide seier at Noreg kan følge etter.
– Me må vere konsistente med korleis me anvender reglane våre i FN-pakta. Og det Rwanda gjer er heilt klart ikkje lov, seier Barth Eide til NRK.
Han legg til at moglege sanksjonar er noko Noreg må gjere saman med andre land.Andre land som har innført sanksjonar har stansa bistandstøtte, men Noreg gir lite i bistand til Rwanda. Det er difor ikkje tydeleg kva eventuelle norske sanksjonar vil omfatte.