Skader i Molde etter uvêret
0
Dei store nedbørsmengdene onsdag kveld bidrog til eit stort skadeomfang i Molde, melder kommunen.
Kriseleiinga i Molde var samla torsdag morgon, og jobbar framleis med å få oversikt over skadeomfanget.
Det har vore fleire tilfelle av vatn i kjellarar, men ikkje meldt om alvorlege skader.
Dei største skadane er i og rundt Molde sentrum, og øvre og nedre kyrkjegard har store øydeleggingar.