Добавить новость
ru24.net
World News
Май
2025

Valet i Portugal: Regjeringskoalisjonen er størst

0
NRK.no 

Det melder Reuters.

I det portugisiske parlamentsvalet sundag kveld ligg statsminister Luís Montenegro og hans sentrum-høgre-parti, Demokratisk Allianse (AD), føre med over 38 prosent av stemmene, ifølgje dei fyrste resultata.

Valet blir halde etter at den førre regjeringa kollapsa. Dette er det tredje parlamentsvalet sidan starten av 2022.

For å få reint fleirtal treng eit parti minst 42 prosent. I valet i mars i fjor fekk AD berre 29 prosent og danna ei mindretalsregjering som ikkje heldt.

Sosialistpartiet, som tidlegare styrte landet, ligg bak med litt over 23 prosent, medan det høgrepopulistiske partiet Chega har fått nesten like mykje, 22,7 prosent.

Montenegro har gjort det klart at han ikkje vil samarbeide med Chega.

Det liberale partiet Iniciativa Liberal, som enkelte ser som ein mogleg samarbeidspartnar for AD, har så langt fått berre 3,1 prosent.

Det har på førehand vore venta låg valdeltaking i landet.




Moscow.media
Частные объявления сегодня





Rss.plus
















Музыкальные новости




























Спорт в России и мире

Новости спорта


Новости тенниса