20 selskap i Tromsø tekne i kontroll av Skatteetaten
Skatteetaten gjennomførte i førre veke kontrollar av 26 selskap i Tromsø som driv med skjønnheitspleie, servering, bilverkstad, daglegvare og turisme.
Det viser seg at heile 20 av dei kontrollerte selskapa har brote reglane, og kan vente seg gebyr for dette. Totalt ligg verksemdene an til gebyr på til saman 273.312 kroner.
Det melder Skatteetaten i ei pressemelding.
Felles for dei kontrollerete selskapa er at dei brukar eit kasseapparat.
Skattekrimsjef Erik Nilsen i Skatteetaten opplyser at dei vil gjennomføre fleire slike kontrollar i tida framover.
– Dette er rett og slett ikkje godt nok. Feil på dagsoppgjeret kan medføre feil i rekneskapet, og feil rapportering av omsetning til Skatteetaten. Det gir auka risiko for underslag, og kan bidra til skattekriminalitet og økonomisk kriminalitet.
