Politi og demonstrantar støytte saman i Bolvia
0
Demonstrantar som støttar Bolivias tidlegare president Evo Morales støytte torsdag saman med politiet, melder AFP.
20 demonstrantar blei gripne, medan tre politifolk blei skadde.
Ein domstol har nekta Morales å stille til val i august fordi partiet hans ikkje skal ha registrert han som kandidat på korrekt måte innan tidsfristen. Partiet seier dei har sende inn søknaden før fristen gjekk ut.
Morales gjekk av etter tre periodar som president i 2013 etter at han prøvde å forlenge med ein ny periode.
I 2023 fekk Morales forbod mot å stille på nytt etter at forfatningsdomstolen i Bolivia slo fast at grensa er to periodar som president.
