Добавить новость
ru24.net
World News
Ноябрь
2025

Ap samlar fleirtal for nye oljefond-reglar

0
NRK.no 

Arbeidarpartiet har tru på at dei kan få med seg Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet, på å vedta nye reglar for oljefondet.

Målet er å få på plass et stortingsvedtak allereie tysdag, etter det NRK kjenner til.

Ap er i dialog med budsjettpartnerne MDG, Rødt, SV og Senterpartiet om saka. Signala Ap skal ha fått tyder på at Høgre, Sp og Frp kan vere villige til å stemme for dei nye reglane.

23. oktober tok finansminister Jens Stoltenberg til orde for å gå gjennom reglane til fondet. I morgon skal Stortinget behandle saka.

Stoltenberg har ytra bekymring for at store teknologiselskap som Microsoft, Alphabet og Amazon skal bli utelukka frå oljefondet.

– Eit fond som ikkje kan vere investert i verdas største selskap, kan vanskeleg bli verande eit globalt indeksfond, sa finansministeren i oktober.

Stoltenberg deltok sjølv på interne Ap-møte om saka på Stortinget i dag.




Moscow.media
Частные объявления сегодня





Rss.plus
















Музыкальные новости




























Спорт в России и мире

Новости спорта


Новости тенниса