Fly frå Oslo fekk ikkje lande i Haugesund grunna vind
0
Eit fly på veg til Haugesund lufthavn måtte returnere til Oslo fredag formiddag grunna vind, ifølge Haugesund Avis.
Det skal vere snakk om sidevind med over 40 knop i vindkasta.
– Det er utfordringar med rett krossvind. Den er såpass heftig at landingsforholda ikkje er gode nok. Om ikkje vindretninga dreier kan me få utfordringar utover dagen, seier driftsleiar Jan Ove Solstrand til avisa.
Han seier vidare at reisande alle bør følge med på meldingar frå flyselskapet sitt.
