Fleire forsinka fly søndag kveld
0
Det er ei rekkje forsinka fly til og frå Oslo til ulike flyplassar i landet.
Nokre av flya inn til Gardermoen er forsinka med fleire timar, og dette ser ut for å forplante seg til mange flyplassar.
Fleire fly frå hovudstaden til Trondheim er forsinka med mellom ein og to timar i det vinterferien skal starte fleire stader i landet.
Dei to kveldsflya frå Oslo til Bergen er forsinka med over ein time.
Det samme er flya frå Oslo til Ålesund og til Molde.
Avgangen frå Oslo til Kristiansund er avlyst.
