Ein av dansarane har blitt sjuk
0
Artisten Skrellex må klare seg med to i staden for tre dansarar under finalen laurdag kveld.
Dansaren Mirenna har blitt forkjølt og sjuk, og må droppe turen til Lillehammer.
– Er det mogleg å ha sånn uflaks? Vegen til den store scena har ikkje vore lett. For eit skrell, for å seia det rett ut, seier Skrellex til NRK.
Men han legg vekt på at «the show must go on.»
– Og eg har framleis to fantastiske dansarar i Aron og Tarjei. Så vi skal gi jernet! lovar Skrellex.
