Ber om at skuldingar om vitnepåverking blir etterforska
0
Forsvararane til Marius Borg Høiby, Ellen Holager Andenæs og Petar Sekulic, har bede politiet om å etterforske skuldingar om forsøk på å påverke eit vitne i rettssaka.
Torsdag spurde bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen ut eit vitne om meldingar han skal ha sendt til den såkalla Frogner-kvinna om kva ho burde seie i avhøyr.
– Dette er ei veldig alvorleg skulding mot eit vitne. Det vil vi gjerne ha avklart, seier Andenæs.
– Fryktar de at det er har vore forsøk på å påverke vitnet?
– Vi har ikkje informasjon om at det skal ha gått føre seg noko slikt. Men det er mogeleg advokat Larsen har det, så vi har bede politiet om å etterforske.
Det er førebels ikkje avgjort om politiet vil starte etterforsking.
