Добавить новость
ru24.net
World News
Апрель
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24
25
26
27
28
29
30

Raja til VG: Vil heller ha Støre enn Listhaug

0
NRK.no 

Nestleiar i Venstre Abid Raja seier til VG at han heller vil ha ei regjering leia av Jonas Gahr Støre (Ap) enn ei regjering der Sylvi Listhaug (Frp) er statsminister.

– Venstre kan ikkje støtte ei Listhaug-leia regjering. Ei borgarleg sentrumsregjering må difor Høgre-leia, som vi i Venstre gjerne deltek i.

Men dersom det ikkje er mogeleg, ser Venstre heller at Støre held fram, seier Raja til avisa.

– Kan vi ikkje få ei Høgre-leia regjering før eller etter valet i 2029, er det betre at Støre held fram, heller enn ei Listhaug-regjering.

Venstre-leiar Guri Melby seier til NRK tysdag kveld at ho opplever brei einigheit i Venstre om at dei ikkje ønsker ei Listhaug-leia regjering.

– Men når det gjeld vår posisjon og kven vi skal samarbeide med i regjering, er det ei avgjerd vi skal ta saman i partiet, og ho skal vi ta mykje nærmare valet i 2029, seier ho til NRK.




Moscow.media
Частные объявления сегодня





Rss.plus
















Музыкальные новости




























Спорт в России и мире

Новости спорта


Новости тенниса