Mutaz Barshim frå Qatar og Gianmarco Tamberi frå Italia blei samde om å dele gullet i høgde. Begge stansa på 2,37.
Begge greidde alle høgdene i første forsøk, men ingen av dei greidde 2,39.
Maksin Nedasekau frå Kviterussland tok bronsen, også han med 2,37.
Normalt skulle det blitt omhopping for å kåre ein vinnar. Men ein ny regel gir løyve til å dele gullet i slike tilfelle, dersom begge er samde om det.
Det var det ingen som var misnøgd med. Sekundet etter at dommarane godkjende delt gull, fall dei to konkurentane om halsen på kvarandre... Читать дальше...