Brukar Blunt mot vaksinemotstand
Styresmaktene på New Zealand prøver nye metodar for å få løyst opp ein antivaksineprotest utanfor nasjonalforsamlinga i Wellington. Blant anna har dei spelt høg musikk med noko trasige og utspelte låtar for å få demonstrantane til å gje seg. Blant artistane som dundrar mot antivaksarane er Barry Manilow og James Blunt. Demonstrantane har svara med å spele Twisted Sister! Demonstrasjonen på graset utanfor parlamentet heldt søndag fram for sjette dag på rad. (NTB)