Yunus jobbar for nyval i Bangladesh, men stiller ikkje sjølv
Muhammad Yunus skal leie overgangsregjeringa i Bangladesh og legge til rette for nyval i landet. Men han stiller ikkje sjølv til val, skriv Reuters. – Vi treng ro, vi treng eit vegkart mot nyval, og vi må omme i gang med arbeidet når det gjeld å førebu landet på ein ny leiarskap, seier han til Financial Times. Statsminister Sheikh Hasina gjekk av og flykta til India måndag etter demonstrasjonar i Bangladesh. Minst 400 menneske mista livet i uroa.