TV 2: Mann dømd for overgrep mot Mille Hjalmarsen
Ein mann i 20-åra er i Oslo tingrett dømd til fengsel i 1 år og 7 månader for overgrep mot Mille Hjalmarsen, melder TV 2. Mille og tvillingsøstera Mina blei funne døde i eit husvære i Spydeberg i januar i fjor. Overgrepet skjedde i Oslo i 2022 medan søstrene hadde rømt heimanfrå. Den domfelte vedgjekk delvis straffskuld. Mannen er også dømd for å ha oppbevart narkotika.