Vil la fleire bidra under pandemien
0
Justisdepartementet vil opne opp for at utlendingar med helsefagleg bakgrunn, og som er busett i Noreg, skal få bidra under pandemien. – Vi må rett og slett ta alle gode krefter i bruk, seier justisminister Monica Mæland. Endringa gjeld frå måndag.