Person stukken med kniv i Porsgrunn
0
Ein person er stukken med kniv i Porsgrunn, melder VG. Politiet seier dei ikkje kjenner skadeomfanget, men at vedkomande er sendt til legevakt.
Ein mistenkt er gripen skriv politiet på Twitter. Dei leitar ikkje etter fleire gjerningspersonar.
Begge personane skal vere i 30-åra. Det er ikkje kjent om dei to hadde ein relasjon, skriv VG.