Redningsaksjon på isbre
0
To menn i 40-åra har vore fast i ein bresprekk på Hardangerjøkulen, melder Hovudredningssentralen Sør-Noreg på Twitter.
Luftambulanse, alpin redningsgruppe og redningshelikopter blir brukt i aksjonen.
– Vi fekk melding rundt klokka 20, seier redningsleiar i hovudredningssentralen Johan Mannsåker.
– Dei skal sjølv ha kome seg ut av bresprekken, men vi er i gang med å få dei vekk frå staden med redningshelikopter. Redningsaksjonen held på, legg han til.
Mennene har indikert overfor HRS at dei skal vere uskadd.
– Førebels prøver vi direkte uthenting med redningshelikopter, seier Mannsåker.
Hardangerjøkulen er Noregs sjette største isbre, og ligg i Eidfjord og Ulvik kommunar i Vestland.