Høg vekst i realinntektene til hushaldningane
0
Hushaldningane hadde 4,1 prosent høgare disponibel inntekt per innbyggar i tredje kvartal samanlikna med tredje kvartal i fjor, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
– Det er den høgaste veksten sidan 2015, seier seksjonssjef for nasjonalrekneskap i SSB Pål Sletten.
Talet er utanom aksjeutbytte, som brukar å svinge mykje, blant anna på grunn av regelendringar.