Fleire stengde fjellovergangar
Trafikkoperatør Marianne Hove i Statens vegvesen fortel uvêret i går med kraftig vind og snøfokk har ført til fleire stengde fjellovergangar fredag morgon.
Desse fjellovergangane er stengde fredag morgon:
– Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: stengt for mindre bilar, og kolonnekøyring for bilar over 7,5 tonn. – Fylkesveg 50 Aurland – Hol: stengd – Fylkesveg 53 Årdal – Tyin: stengd – Riksveg 7 Hardangervidda: Kolonnekøyring – E134 Haukelifjell: Open – E16 Filefjell: Open – Riksveg 15 Strynefjellet: Open – Riksveg 13 Vikafjellet: Open
Utover dagen er meldingane betre, og Statens vegvesen håper at fleire fjellovergangar blir opna.
– Slik det ser ut på vêrmeldingane, skal vinden godt ned utover formiddagen, seier trafikkoperatør Hove.
Det er også meldt om glatte vegar over heile Vestland fylke.