Talet på førstegongskjøparar aukar
0
Talet på dei som kjøper sin første bustad i Noreg, aukar for tredje kvartal på rad, ifølge Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF).
Tala gjeld for tredje kvartal i 2024. Før auken starta hadde det vore ein samanhengande nedgang sidan 2021.
Snittalderen for førstegongskjøp i Noreg er 28 år.
Statistikken til NEF bygger på tal frå Ambita og er utarbeidd av Samfunnsøkonomisk Analyse.