FN skuldar Israel for brot på våpenkvila i Libanon
0
Dei fredsbevarande styrkane til FN, Unifil, skuldar Israel for gjentatte brot på våpenkvila med Hizbollah som vart inngått i november. Det skriv NTB.
I avtala heiter det mellom anna at israelske styrkar skal trekkast ut av Sør-Libanon innan 25. januar. Men laurdag reiv ein israelsk bulldosar ned eit av observasjonstårna til den libanesiske regjeringshæren i nærleiken av ein FN-posisjon, i tillegg til å øydelegga et av grensemerka til FN.
Det er eit «openbert brot på resolusjon 1701 og folkeretten», meiner Unifil. Dei har òg tidlegare skulda Israel for å fortsetta øydeleggingane på libanesisk side.