Fredsprisvinnar ut mot Meta
0
Fredsprisvinnar Maria Ressa seier at verda går inn i ei svært farleg tid etter at Meta vedtok å kutte uavhengig faktasjekk på Facebook og Instagram.
– Mark Zuckerberg seier at det handlar om ytringsfridom. Det er heilt gale. Berre om du er driven av profitt, kan du påstå det. Berre om du ønsker deg makt og pengar, kan du påstå det.
Det seier den filippinske journalisten i eit intervju med nyheitsbyrået AFP onsdag.